Rubber Soul Studioalbum av The Beatles | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 3. desember 1965 | |
Innspelt | 12. oktober–15. november 1965 (utanom 17. juni 1965 for «Wait»), EMI Studios i London | |
Sjanger | ||
Lengd | 35:50 | |
Selskap | Parlophone (UK), Capitol (US) | |
Produsent | George Martin | |
The Beatles-kronologi | ||
---|---|---|
Help! (1965) |
Rubber Soul | Revolver (1966)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | |
The A.V. Club | A– |
Blender | |
Consequence of Sound | A+ |
The Daily Telegraph | |
Encyclopedia of Popular Music | |
MusicHound Rock | 4/5 |
Pitchfork | 10/10 |
Q | |
The Rolling Stone Album Guide |
Rubber Soul er det sjette studioalbumet til The Beatles. Det kom i desember 1965 og var produsert av George Martin. Albumet vart spelt inn i løpet av om lag fire veker for å nå julesalet. Her viser The Beatles at dei var påverka av folkrock-stilen til The Byrds og Bob Dylan og albumet vart sett på som eit stort kunstnerisk framsteg for bandet og fekk god kritikk og selde bra. Rolling Stone plasserte albumet på femteplass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.
Musikalsk gjekk The Beatles i fleire retningar, mellom anna element frå samtidig folkrock av The Byrds og Bob Dylan. Albumet var òg eit av dei første der the Beatles nytta uvanlege rock n' roll-instrument, som på «Norwegian Wood (This Bird Has Flown)». Sjølv om både the Yardbirds og the Kinks hadde nytta element av indisk musikk i sin eigen musikk, vert denne songen generelt akseptert som den første popsongen der ein faktisk nyttar sitar, eit indisk strengeinstrument, og «Norwegian Wood» sette i gang ei musikalsk bølgje med bruk av uvanlege instrument på midten av 1960-talet. Songen vert i dag rekna som ein av hjørnesteinane i det som vanlegvis vert kalal «verdsmusikk» og var ein viktig milepåle for bruken ikkje-vestlege element i vestleg popmusikk. George Harrison hadde nyleg vorte introdusert for indisk klassisk musikk og sitaren av David Crosby frå the Byrds. George Harrison vart raskt fanatisk interessert i sjangeren og start å ta sitarleksjonar frå den kjend indisk sitarvirtuosen Ravi Shankar. Ringo Starr nytta forskjellige rytmiske arrangement med bruk av maracas og tamburin gjennom heile albumet.
Det vart òg eksperimentert med innspelingsteknikkar og keyboardsoloen i «In My Life» høyrest ut som ein cembalo, men er i røynda spelt på eit vanleg piano. George Martin fann ut at han ikkje klarte å følgje tempoet på songen å samtidig spele det han skulle i barokkstil, så han prøvde å spele inn songen på halv fart og så setje opp farten på bandet etterpå. Andre innovative produksjonsteknikkar var bruken av elektronisk lydprosessering på mange instrument, mellom anna den kraftig komprimerte og utlikna pianolyden på John Lennon sin «The Word». Denne effekten vart etter kvart særs populær i sjangeren psykedelisk musikk.
Tekstmessig var albumet eit stort framsteg. Sjølv om eit par tidlegare Beatles-songar hadde uttrykt romantisk tvil og negativitet, representerte songane på Rubber Soul langt meir sofistikerte, tankefulle og fleirtydige tekstar. Særleg vart forhold mellom gut og jente flytta frå enkle kjærleikssongar til meir nyanserte og til og med negative skildringar. «Norwegian Wood», ein av dei mest kjende døma og ofte omtalt som ein av Beatles sine første forsøk på djupare tekstar ala Bob Dylan, er ein poetisk fleirtydig affære mellom songaren og ei mystisk jente. «Drive My Car» er eit satirisk stykke om omvendt sjåvinisme. Songar som «I’m Looking Through You», «You Won’t See Me» og «Girl» viser alle meir kjenslemessige, og til og meg bitre og depressive skildringar av romantikk, medan «Nowhere Man» var ein av dei første Beatles-songane som ikkje hadde eit romantisk tema.
Etter at albumet og singelen «We Can Work It Out» og «Day Tripper», som kom samstundes, var ferdig innspelt var Beatles utslitt etter nesten fleire år med samanhengande innspelingar, turnering og filmproduksjon. Dei tok så ein tre månadar lang ferie den første delen av 1966 og nytta denne tida til å utforske nye retningar som skulle påverka dei framtidige musikalske arbeida deira.
Fram til seint i karrieren vart «hovudutgåva» av Beatles sine album alltid i mono, medan stereomiksen vart brukt mindre tid på. Monomiksane hadde vokalen i eine kanalen og instrumenta i den andre. Slik var det òg med Rubber Soul. Dei første albuma vart spelt inn på tosporsopptakarar, medan dei her nytta fire spor. I stereomiksen kunne derfor ha hatt vokalen i midten og instrument på begge sidene, men George Martin ønskte at albumet skulle høyrast bra ut på ein platespelar i mono. Derfor eksperimenterte han med å la vokalen ligge til høgre, instrumenta til venstre og ikkje ha noko i midten.
Songen «Wait» var opphavleg spelt inn for albumet Help!, men vart ikkje rekna for bra nok til å kome med her. Årsaka til at songen då vart nytta på Rubber Soul vart at dei mangla ein song og dei måtte ha albumet ut før jul. Dei valde derfor å nytte «Wait» i staden for å lage ein ny song.
Paul McCartney hevdar han kom opp med tittelen på albumet etter å ha høyrt svarte musikarar skildre Mick Jagger sin vokalstil som «plast-soul». John Lennon stadfesta dette i 1970.
Det vart gjeve ut to forskjellige stereoversjonar på vinyl i USA. Den vanlege amerikanske stereomiksen og ein «Dexter Stereo»-versjon (òg kalla «Austkystversjonen»), som hadde eit lag med klang på heile albumet.
Rubber Soul kom ut i USA tre dagar etter den britiske utgåva og låg inne på listene i 59 veker. Han toppa lista seks veker i strekk frå 8. januar 1966. Albumet selde 1,2 millionar eksemplar i løpet av ni dagar og har i dag seld over 4 millionar eksemplar berre i USA.
Den amerikanske utgåva hadde òg andre songar og forskjellige rekkefølgje enn den britiske utgåva for at ho skulle høyrast ut som eit «folkrock»-album. «I’ve Just Seen a Face» og «It’s Only Love», to songar som ikkje kom med på Help! vart inkludert, medan «Drive My Car», «Nowhere Man», «If I Needed Someone» og «What Goes On» vart fjerna. Desse vart seinare gjeve ut på samlinga Yesterday and Today.
Albumet kom på CD i april 1987 med innhaldet frå den britiske utgåva.
Albumet vart ein kommersiell suksess og låg på den britiske albumlista i 42 veker frå 11. desember 1965. Juledag erstatta det Help! på toppen av lista og vart liggande der i åtte veker. Albumet fekk god kritikk og vart omtalt som eit stort kunstnerisk steg framover. Den tidlegare Merseybeat-stilen hadde vorte omforma til ein omfattande, sofistikert pop/rock, som skulle prege musikkstilen deira resten av karrieren. John Lennon sa seinare at albumet var det første der Beatles hadde fullstendig kreativ kontroll på innspelinga med nok studiotid til å utvikle og utbetre musikalske idear og stilar. Den amerikanske utgåva av albumet var ei stor inspirasjonskjelde for Brian Wilson i Beach Boys, som «svarte» med å gje ut Pet Sounds i 1966. Då albumet kom på CD i 1987 gjekk det inn på lista igjen for tre veker, og ti år seinare gjekk det igjen inn på lista.
Rubber Soul vert ofte omtalt som eit av dei største albuma i pop- og rockhistorien. I 1998 stemde lesarar av Q det fram som det 40. beste albumet gjennom tidene, medan same magasin plasserte albumet som nummer to på lista over dei 100 største britiske albuma gjennom tidene. I 2001 plasserte VH1 albumet på 6. plass på ei tilsvarande liste. Rolling Stone kalla albumet det 5. beste gjennom tidene. I 2006 valde Time ut albumet som eit av dei 100 beste gjennom tidene.
Alle songar er skrivne av Lennon/McCartney, bortsett frå der andre er nemnd.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Drive My Car» | 2:30 |
2. | «Norwegian Wood (This Bird Has Flown)» | 2:05 |
3. | «You Won't See Me» | 3:22 |
4. | «Nowhere Man» | 2:44 |
5. | «Think for Yourself» (Harrison) | 2:19 |
6. | «The Word» | 2:43 |
7. | «Michelle» | 2:42 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
8. | «What Goes On» (Lennon, McCartney, Starkey) | 2:50 |
9. | «Girl» | 2:33 |
10. | «I’m Looking Through You» | 2:27 |
11. | «In My Life» | 2:27 |
12. | «Wait» | 2:16 |
13. | «If I Needed Someone» (Harrison) | 2:23 |
14. | «Run for Your Life» | 2:18 |
Alle songar er skrivne av Lennon/McCartney, bortsett frå der andre er nemnd.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «I’ve Just Seen a Face» | 2:07 |
2. | «Norwegian Wood (This Bird Has Flown)» | 2:05 |
3. | «You Won't See Me» | 3:22 |
4. | «Think for Yourself» (Harrison) | 2:19 |
5. | «The Word» | 2:43 |
6. | «Michelle» | 2:42 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «It’s Only Love» | 1:53 |
8. | «Girl» | 2:33 |
9. | «I’m Looking Through You» | 2:27 |
10. | «In My Life» | 2:27 |
11. | «Wait» | 2:16 |
12. | «Run for Your Life» | 2:18 |
I følgje Mark Lewisohn og Ian MacDonald:
The Beatles
Produksjon og andre musikarar
Liste (1965–66) | Plassering |
---|---|
Australia Kent Music Report | 1 |
Britisk Record Retailer LPs Chart | 1 |
US Billboard Top LPs | 1 |
Vest-Tyskland Musikmarkt LP Hit-Parade | 1 |
Liste | Plassering |
---|---|
Nederlandsk MegaCharts | 53 |
UK Albums Chart | 60 |
Liste | Plassering |
---|---|
Australia ARIA Albums | 41 |
Austrike Ö3 Top 40 Longplay (Albums) | 53 |
Belgia Ultratop 200 Albums (Flandern) | 26 |
Belgia Ultratop 200 Albums (Valonia) | 49 |
Danmark Tracklisten Album Top-40 | 31 |
Nederland MegaChart | 87 |
Finland | 17 |
Italia FIMI-lista | 36 |
Japan Oricon-lista | 24 |
New Zealand RIANZ Albums | 25 |
Portugal AFP Top 50 Albums | 14 |
Spania PROMUSICAE Top 100 Albums | 59 |
Sverige Sverigetopplistan Albums Top 60 | 17 |
Sveits - Hitparade Albums Top 100 | 51 |
UK Albums Chart | 10 |
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Argentina (CAPIF) | 2× Platina | 120 000x |
Australia (ARIA) | Platina | 70 000^ |
Brasil (ABPD) | Gull | 100 000* |
Canada (Music Canada) | 2× Platina | 200 000^ |
Tyskland (BVMI) | Gull | 250 000^ |
New Zealand (RMNZ) | Platina | 15 000^ |
Storbritannia (BPI) | Platina | 300 000^ |
USA (RIAA) | 6× Platina | 6 000 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
BPI-sertfiseringa gjeld berre for sal etter 1994.
36: Off the Wall Michael Jackson |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 35 Rubber Soul The Beatles |
34: Innervisions Stevie Wonder |
6: What's Going On Marvin Gaye |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 5 Rubber Soul The Beatles |
4: Highway 61 Revisited Bob Dylan |